måndag 25. desember 2006

Jul

Den første jula feira Tora på Liset i lag med besta og besten på Liset. Mamma, pappa og bestemor. Ho gjekk med fin grøn kjole og lakksko. Ho la seg først, men sto opp igjen når pakkane skulle åpnast. Ho fekk masse fine pakkar, men papiret var det aller kjekkaste :)

søndag 17. desember 2006

Tora på Liset






















Tora på Liset 5 mnd gamal. Første jula til Tora.

onsdag 30. august 2006

Fly for første gang

30. august tok Tora fly for aller første gang. Då var ho ikkje meir enn 5 veker. Det var viktig å amme på vei opp og ned så ho ikkje skulle få dott i øyrene, men det var jo ikkje noko problem for den likkje matapen....

laurdag 19. august 2006

Første båttur

19. august var Tora på sin aller første båttur i lag med mamma, pappa, besta, besten og bestemor på Åmot. Ho fekk forresten masse fisk og var veldig stolt!

fredag 18. august 2006

Liset

18. august, ikkje ein månad gammal ein gong, reiste Tora på sin første tur. Tora, mamma, pappa og bestemor køyrde 8 timar i bil for å komme til besta og besten på Liset. Akkurat i det Tora køyrde opp på tunet på Liset for første gang heisa besten flagget. Besta og mamma måtte felle ei tåre...

laurdag 29. juli 2006

Tora kom heim

Lørdag 29. juli kom Tora heim til mamma og pappa for aller første gang. Det var så kjekt :) Besta på Liset var der og stella i huset, sånn at alt var perfekt dei første dagane!

tysdag 25. juli 2006

Tora er født


Lille Tora blei født 25.07.2006 på A-hus. Då var ho 4085 gram og 53 cm.

søndag 23. juli 2006

To veke på overtid


Tora i magen til mamma på Steinbruvann :)

I mårra har eg gått 2 veker over termin og no begynner eg å tvile på om ultralyd-terminen er rett... Vi har prøvd alle fødetriks, men d er visst ein stapeis som er inni der. Eg har fri frå jobb og dette er vel den finaste sommaren i Oslo eg kan huske, så eg nyter dagane, men når ein har forventa ankomst av baby ein viss dato, så blir liksom alt forskyve. Det er litt frustrerande.

laurdag 22. juli 2006

Termin 11. juli

Tora skulle komme 11. juli.
Her er nokre tankar frå mamma til Tora før ho kom ut:
Vogna kjøpte eg brukt fire veker før termin. Sjukehusbagen pakka eg helga før termin. Syns egentlig eg var veldi flink og tok ting veldig med ro. Men no har eg gått 12 dagar over termin, så det var tydeligvis ikkje nåke å stresse med...
Eg har vært veldi flink å finne på ting etter termin :)
Torsdagen, to daga etter termin, var eg til jordmor og hadde frisørtime. Fredagen laga eg fødepizza (fant oppskrift på barnimagen.no). Lørdagen gjekk Gudbrand og eg tur rundt Steinbruvann. Eg bada, det var så deilig! Tirsdag var eg til legen, besøkte lillesysta og gjekk i byen med frk Stølen. Møtte tilfeldigvis Anja, Tony og Astrid heimafrå midt på Karl Johan! Torsdag var milla og eg på Huk og bada, så digg! I dag (lørdag) tok eg og frk Aarø båten til Gressholmen og låg på svaberga der. Bada masse :)