laurdag 29. juli 2006

Tora kom heim

Lørdag 29. juli kom Tora heim til mamma og pappa for aller første gang. Det var så kjekt :) Besta på Liset var der og stella i huset, sånn at alt var perfekt dei første dagane!

tysdag 25. juli 2006

Tora er født


Lille Tora blei født 25.07.2006 på A-hus. Då var ho 4085 gram og 53 cm.

søndag 23. juli 2006

To veke på overtid


Tora i magen til mamma på Steinbruvann :)

I mårra har eg gått 2 veker over termin og no begynner eg å tvile på om ultralyd-terminen er rett... Vi har prøvd alle fødetriks, men d er visst ein stapeis som er inni der. Eg har fri frå jobb og dette er vel den finaste sommaren i Oslo eg kan huske, så eg nyter dagane, men når ein har forventa ankomst av baby ein viss dato, så blir liksom alt forskyve. Det er litt frustrerande.

laurdag 22. juli 2006

Termin 11. juli

Tora skulle komme 11. juli.
Her er nokre tankar frå mamma til Tora før ho kom ut:
Vogna kjøpte eg brukt fire veker før termin. Sjukehusbagen pakka eg helga før termin. Syns egentlig eg var veldi flink og tok ting veldig med ro. Men no har eg gått 12 dagar over termin, så det var tydeligvis ikkje nåke å stresse med...
Eg har vært veldi flink å finne på ting etter termin :)
Torsdagen, to daga etter termin, var eg til jordmor og hadde frisørtime. Fredagen laga eg fødepizza (fant oppskrift på barnimagen.no). Lørdagen gjekk Gudbrand og eg tur rundt Steinbruvann. Eg bada, det var så deilig! Tirsdag var eg til legen, besøkte lillesysta og gjekk i byen med frk Stølen. Møtte tilfeldigvis Anja, Tony og Astrid heimafrå midt på Karl Johan! Torsdag var milla og eg på Huk og bada, så digg! I dag (lørdag) tok eg og frk Aarø båten til Gressholmen og låg på svaberga der. Bada masse :)