onsdag 30. august 2006

Fly for første gang

30. august tok Tora fly for aller første gang. Då var ho ikkje meir enn 5 veker. Det var viktig å amme på vei opp og ned så ho ikkje skulle få dott i øyrene, men det var jo ikkje noko problem for den likkje matapen....

laurdag 19. august 2006

Første båttur

19. august var Tora på sin aller første båttur i lag med mamma, pappa, besta, besten og bestemor på Åmot. Ho fekk forresten masse fisk og var veldig stolt!

fredag 18. august 2006

Liset

18. august, ikkje ein månad gammal ein gong, reiste Tora på sin første tur. Tora, mamma, pappa og bestemor køyrde 8 timar i bil for å komme til besta og besten på Liset. Akkurat i det Tora køyrde opp på tunet på Liset for første gang heisa besten flagget. Besta og mamma måtte felle ei tåre...