søndag 25. februar 2007
torsdag 22. februar 2007
onsdag 21. februar 2007
Mobil
Tora har lenge bevega sett rundt i piruett, men ikkje noko særleg meir. I Thailand vart ho stadig meir mobil. Vi kan ikkje gå i frå ho når ho ligg i senga vår. 3 gangar holdt det på å gå gale, sjølv om vi hadde lagt ho langt i frå kanten. Helst akar ho seg bakover.
Så no er ho overalt. Plutselig har ho kjørt seg fast under PC-bordet og vikla seg inn i datakablar og ho kjem seg ho ikkje framover igjen.
I Thailand begynte ho også å løfte seg opp på alle fire. Ho står og ser ned på magen sin som svever over golvet og konsentrerar seg. Vi bruker å skryte veldig når ho gjer det. Då blir ho så glad at ho legger seg ned på magen og sparker helt vilt og gale, rett ut med føtene i ett sett...
Skrive av Charlotte kl 23:01 0 kommentarar
Sitte sjølv
Veit ikkje heilt kati Tora begynte å sitte litt sjølv. Eg hugsa når vi køyrde frå Sunnfjord til Oslo etter jul at ho satt av seg sjølv bak i bilen, men det var jo oppi vogna, med støtte. Det første bildet eg har av at Tora sitter åleine er på stranda i Thailand den 31. januar, så vidt 6 mnd. Men ho sat jo litt ustødig. No sit ho ganske godt.
Skrive av Charlotte kl 22:30 0 kommentarar
tysdag 6. februar 2007
Tenner i Thailand
Tora fekk sine 4 framtenner oppe i Thailand! Først skjønte vi ikkje koffor Tora blei så sur og sint i nokre dagar, men så seier det svenske gamle paret som budde i sidebungalowen vår at det hørtes ut som ho begynte å få tenner. Så dumt at vi ikkje hadde tatt med bitering, men det fekk vi skaffa etterkvart. Stakkars lille monster. Ikkje rart ho hadde ilt. Fire tenner dukka opp dag etter dag når vi kom til Koh Tao. Lørdag 3. februar kom høgre hjørnetann oppe. Dagen etter kom venstre hjørnetann, dagen etter kom venstre framtann og dagen etter der igjen kom høgre framtann.
6 mnd og 6 tenner :)
Skrive av Charlotte kl 23:10 0 kommentarar