Mobil
Tora har lenge bevega sett rundt i piruett, men ikkje noko særleg meir. I Thailand vart ho stadig meir mobil. Vi kan ikkje gå i frå ho når ho ligg i senga vår. 3 gangar holdt det på å gå gale, sjølv om vi hadde lagt ho langt i frå kanten. Helst akar ho seg bakover.
Så no er ho overalt. Plutselig har ho kjørt seg fast under PC-bordet og vikla seg inn i datakablar og ho kjem seg ho ikkje framover igjen.
I Thailand begynte ho også å løfte seg opp på alle fire. Ho står og ser ned på magen sin som svever over golvet og konsentrerar seg. Vi bruker å skryte veldig når ho gjer det. Då blir ho så glad at ho legger seg ned på magen og sparker helt vilt og gale, rett ut med føtene i ett sett...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar