søndag 5. april 2009

Vannkoppane

I går gjekk Tora tur i byen med mamma og Trine. Ho var på kafé og fekk heit og god kakao. Vi var innom leikebutikk og kikka på masse rart. Tora sa at "vi må innom brorebutikk og kjøpe leika til broren".
På veien heim ville ho sitte i vogna og ho sovna. Når vi kom heim sa Tora; "jeg er ikke i form". Pappa trudde at Tora hadde feber og så kom eg på at vi hadde sett ein rød prikk i ansiktet hennar ved frokost. Aha! Det hadde jo stått oppslag i barnehagen på fredag at vannkoppane gikk i barnehagen....
I dag er prikkane blitt styggare, men ho har fremdeles ikkje så mange og ho er ellers i fin form.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar